Mykje kjekt å ta seg til!

Det ligg mange kjekke reisemål i nærleiken. Du kan til dømes ta turen til Moster og Moster Amfi, den fantastiske utescena, kafé og ikkje minst gamlekyrkja som er av dei eldste steinkyrkjene i landet. I den gamle gruvegangen finn du også utstillinga til Steinriket Bømlo. Eller du kan ta turen til Gullgruvene på Lykling, eller andre geoligiturar rundt om i Sunnhordland.

Er du glad i fotturar er det nærare femti å velja mellom, mellom anna topptur på Siggjo med utsikt over heile Sunnhordland. – Du finn motorhistorie levande fortalt på Wichmannsmia i Rubbestadneset og i Brandasundet kan du handla på krambu, eta middag og slappa av med ein god kopp kaffi og ferske kanelbollar.

I kommunesenteret Svortland finn du butikkar med allsidige og gode tilbod, bibliotek med turist informasjon, symjehall og kino. Langevåg ligg 12 minutt sørover, med bank, butikk, bensinstasjon og stader der du kan få servering og meire til. Elles er det kort veg til Stord og Fitjar.

Les om fleire attraksjonar hos: Visit Sunnhordland