Påske 2023
Opningstider, arrangement og overnatting
Opningstider i gjestehamna
Søndag 2. april :
13:00 – 17:00 Søndagsbuffé
Skjærtorsdag 6. april:
13:00 – 17:00 Restaurant: Komle / Pizza
21:00 – 01:00 Nattklubb med DJ Silden (billettar)
Langfredag 7. april:
13:00 – 17:00 Restaurant: Laksefrikassé / Pizza
13:00 – 17:00 Familiearrangementet Kanalkrimmen (gratis).
20:00 – 01:00 Påskequiz med Tormod (billettar)
Påskeafta 8. april:
13:00 – 17:00 Restaurant: Laksefrikassé / Pizza
20:00 – 01:00 Påskejam med Pallebandet (billettar)
1. Påskedag 9. april :
13:00 – 17:00 Søndagsbuffé
Familiearrangementet:
Kanalkrimmen! 🔎
Mystiske saker og ting har skjedd i gjestehamna!
Ta med barna eller barnebarna på Kanalkrimmen – ei kjekk oppdagingsferd der ein undersøker spor rundt omkring i området til gjestehamna. Klarar de å finna den skuldige?
De går saman som gruppe på området og når oppgåva er løyst vankar det premiar til barna. Barna må følgjast på runden. Det er fleksibel oppstart i heile opningstida vår – mellom kl 13:00 og 17:00 på Langfredag 7. april.
Det er ein fin runde og går greitt med barnevogn, men rullestol kan vera krevjande (grus i brekke). Aldersmessig hovudmålgruppe er ca. 4 – 12 år, men både yngre og eldre vil ha glede av å vera med å løysa mysteriet!
Påskeafta: Påskejam med Pallebandet
Pallebandet inviterer inn til påskejam! Her kan du vera med å dra i gong ein låt eller to!
Eller du kan vere med å syngja eller dansa i salen 😊 Me har i alle fall trua på god stemning! Vil du å vera med å jamma tar du kontakt med Frode Sæverud på telefonnr. 48894668.
Pallebandet har reist rundt og spelt i Sunnhordland dei siste 20 åra og har dratt på seg ein god del erfaring. Mykje kjekk musikk frå Bob Marley til Bon Jovi.
Pallebandet består av:
– Frode Kvandal: Bass
– Rolf Martin Haldorsen: Gitar
– Arvid Mikkelsen: Vokal og gitar
– Frode Sæverud: Tangenter
– Knut Erik Gilje: Trommer

Overnatting
Velkommen til oss i båt, campingbil og -vogn! Det er god plass i gjestehamna og me gler oss til å ta imot deg.
For campingplass registrerer og betalar du på førehand (Campio).
Kjem du i båt registrerer og betalar du ved ankomst (i kasse / Vipps)