Kanal­dagane 2022

Opnings­tider, arrange­ment og over­natting

Opnings­tider i gjeste­hamna

Torsdag 1.september:
16:00 – 20:30 Restaurant (kjøkkenet stenger 20:00)

Fredag 2. september:
16:00 – 20:30 Restaurant (kjøkkenet stenger 20:00)
21:00 – 02:00 Dans med Trekantsambandet (billettar)

Laurdag 3. september:
10:00 – 20:30 Restaurant (kjøkkenet stenger 20:00)
21:00 – 02:00 Dans med Trekantsambandet (billettar)

Søndag 4. september:
12:00 – 18:00 Søndagsbuffé (matservering til 17:00)
NB! Merk tida

Over­natting båt

Gjestehamna er open og du er velkommen med båt! Under Kanaldagane vert det ikkje mogleg å betala for enkeltnetter – Gjestehamnspasset gjeld i perioden 1. – 4. september.

I tillegg løyser du inngangsbillett til messeområdet hos Kanaldagane.

Over­natting camping

Velkommen i campingbil og -vogn! Det er god plass i gjestehamna, og du registrerer og betalar ved ankomst. Følgje på minimum fire bilar kan ta kontakt på post@kulleseidkanalen.no for reservasjon av plass.  Enkeltvis reservasjon er dessverre ikkje mogleg. Gjestehamnspasset gjeld for perioden 1.-4. september, og i denne perioden er det ikkje mogleg å betala for enkeltnetter. I tillegg løyser du inngangsbillett til messeområdet hos Kanaldagane.

Dans med Trekant­sambandet

Både fredag 2. september og laurdag 3. september speler Trekantsambandet opp til dans i gjestehamna! 

Øyvind Halleraker og Trekantsambandet har spelt på festivalar, bryggje og bygdadans, firmafestar og lokale pubar samanhengande i 15 år.
Bandet består av godt vaksne medlemmar frå Bømlo og Stord som har spelt i ymse orkester frå 70-tallet til no.
Musikken er både eigenkomponert og coverlåtar som stammar i hovudsak i frå 60-, 70- og 80-talet, spelt på bandet sin rocka og dansevennlege måte.
Øyvind Halleraker har komponert bandet sine eigne låtar som har eit sterkt preg av røft hav og salt sjø. Av artistar bandet covrar vil du finna låtar av Tom Petty, Neil Young, Steve Earle, Eagles, Manfred Mann, Rolling Stones. Bob Dylan, AC/DC, Ian Hunter, Creedence, osv.
Det er berre til å kvessa hentesveisen og lakka lakkskoa og komma innom. Her sprer dei rundt gamle klassikarar i timasvis. Ser deg der då!