Julebord 2022

I Kulleseidkanalen gjestehamn har me tradisjonelle julebord fredagar og laurdagar,
samt tilrettelagte juleavsluttingar for lag, organisasjonar og vennegjengar i vekedagar.

Julebord 2022

Kulleseidkanalen Gjestehamn inviterer til julebord! Vår julebordspakke består av velkomstdrikke, ­musikk, underhaldning, julemat og god stemning.

Julebufféen bugnar av pinnekjøt, svineribbe, riskrem, moltekrem, karamell­pudding og andre godsaker.

Stuntpoet Arne Torget inntek scena saman med Ole Bergesen første julebordshelga. Bjørn Jensen og Klabbetrynet, kjent frå Ausekarane og Vinskvetten, underheld andre helga, medan Kystsonglaget skapar god stemning siste julebordshelga.

Musikar og entertainer Bent Stølås er konfransier og leier alle juleborda. Me kan altså venta oss underhaldning av høg klasse!

Det er begrensa med plassar – så ver tidleg ute med bestillinga!

Bestilling og spørsmål til e-post: post@kulleseidkanalen.no.

PS: Me tek gjerne imot bestilling på andre datoar enn dei under også – minimumsantal er 60 personar. 

 

Pris

Kr 1250,-

inkl. velkomstdrikke, julebuffé, livemusikk og underhaldning

Privatpersonar betaler på faktura i forkant og betaler for drikke på sjølve arrangementet. Bedrifter får tilsendt faktura etter arrangementet. Ev. kjøp av bongar for drikke avtalast direkte.

Fredag 25. & Laurdag 26. november

Stuntpoet Arne Torget, revylegende Ole Bergesen og musikar Bent Stølås

Fredag 2. & laurdag 3. desember

Bjørn Jensen og Klabbetrynet, kjent frå Ausekarane og Vinskvetten, saman med Bent Stølås

Fredag 9. & laurdag 10. desember

Kystsonglaget saman med musiker og entertainer Bent Stølås

Programmet for kveldane

Dørene opnar kl 18:00, bufféen startar om lag 18:30 og du kan forsyna deg med varmmat fram til kl 21:00 – Då er alle er gode og mette ☺️ Underhaldninga startar om lag kl 21:30.

Juleavslutting 2022

Legg juleavsluttinga til Kulleseidkanalen Gjestehamn!

Me diskar opp med god julemat og har underhaldning til juleavsluttinga. Her kan strikkeklubben, hobbylaget, fotballgjengen, veteranklubben, vennegjengen eller storfamilien møtast til ein kjekk kveld. Eller for bedriften som ønskjer ein sosial kveld for dei tilsette før jul på ein vekedag. 

Me tek gjerne imot bestilling på andre datoar enn dei under også, minimumsantal er 60 personar. 

Det er begrensa med plassar – så ver tidleg ute med bestillinga!

Bestilling og spørsmål til e-post: post@kulleseidkanalen.no.

 

 

Pris

Kr 695,-

inkl. julebuffé, livemusikk/underhaldning

Privatpersonar får tilsendt faktura ved påmelding. Drikke vert betalt i baren under arrangementet. Organisasjonar og bedrifter får tilsendt faktura etter arrangementet. Ev. kjøp av bongar for drikke avtalast direkte.

Torsdag 24. november

Bømlo Kormix underheld på juleavslutting

Tysdag 29. november

Bømlo trekkspelklubb underheld på juleavslutting

Onsdag 7. desember

Elin Hestenes (utflytta bømling) og vokalgruppa Winckel frå Bergen underheld på juleavslutting. Sjå og høyr dei gjerne!

Programmet for kveldane

Arrangementet startar kl 18:00. Dei ulike kveldane vert lagt litt ulikt opp med rekkefølgje på mat/musikk – men me legg opp til felles start kl 18:00, så då må du vera på plass 🙂