Jobb i Kulleseidkanalen gjestehamn
Faste stillingar ledig
Om arbeidsplassen
Kulleseidkanalen Gjestehamn er ei unik perle som ligg fint plassert midt i Kulleseidkanalen på Bømlo. Me har gjestehamn, camping, bar og restaurant med mange gode musikkopplevingar på våre konsertar og pubkveldar. Me held lukka arrangement som bryllaup, bedriftssamlingar og andre feiringar. I restauranten får du heimelaga tradisjonsrik mat, og kjøkkenet har smaksopplevingar som høg prioritet. Gjennom sommaren kan gjestene nyta maten på den unike og store uterestauranten vår. Me er ei bedrift i utvikling og treng fleire faste tilsette i vår stab.
Kulleseidkanalen Gjestehamn har ledig 1-2 stillingar med ein storleik på 50-100%. Stillingane kan kombinerast eller delast opp i fleire stillingar. Du må vera fylt 20 år og ha gode norskkunnskapar
Ansvarsområde
- Vertskap og servering
- Kokk/kjøkkenhjelp
- Marknadsføring og daglege driftsoppgåver
Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar me ser etter
- At du vil vera med å skapa dei beste gjesteopplevingar og kommuniserer godt.
- At gjestene blir møtt velkommen med eit ekte smil, også når det er travelt.
- Målretta, kreativ og har fokus på kvalitet.
- Er fleksibel i høve arbeidstid og arbeidsoppgåver, der helg og kveld må påreknast.
- Sjølvstendig, men også god på å løfta opp dine medarbeidarar.
- Ikkje redd for å ta i eit tak, også utanfor det ein normalt har ansvar for.
- Interesse for restaurant, mat og drikke, samt vertskap og gjestfriheit.
Arbeidsoppgåver (for begge stillingar til saman)
- Planlegging og gjennomføring av arrangement.
- Klargjering av lokale, oppdekking og servering.
- Tilrettelegging og oppfølging av gjester.
- Oppfølging av reinhaldsrutinar, driftsoppgåver og daglege rutinar knytt til internkontroll.
- Jobba sjølvstendig med tillaging av rettar, oppvask og reinhald av kjøkken.
- Delta i utarbeiding av menyar.
- Informasjonsarbeid og marknadsføring.
- Kunna fotografera, publisera og følgja opp arrangement på sosiale media.
- Deltakande i arbeid med bemanning/vaktlister.
- Opplæring av medarbeidarar (sommarvikarar).
Kva me kan tilby:
- Godt arbeidsmiljø og god opplæring.
- Konkurransedyktige vilkår
- Varierte og innhaldsrike arbeidsdagar.
Kontakt oss!
Om noko av dette høyrdest spennande ut, så søk på stillinga! Du treng ikkje kunna alle ting i annonsen her, då me set saman eit godt team. Søknadsfrist snarast – me gjer tilsetting fortløpande gjennom sommaren 2023.
Søknaden og ev. spørsmål rettast til dagleg leiar, Margrethe Simonsen Hope margrethe@kulleseidkanalen.no / 918 48 492

Sommarjobb
Til sommaren treng me fleire personar som ønskjer å jobba som servitørar, kjøkkenassistentar og ordensvakter. Me treng ein god miks av forskjellige personar for å setja saman gode team, så kanskje det nettopp passar for deg, eller nokon du kjenner? Minimumsalder for å jobba hos oss er at du blir 16 år i løpet av året. Personar over 18 og 20 år er særleg oppfordra til å søkja.
I sommarkabalen vert ein sett opp på faste vakter, og alle får også «solvakter», som betyr at du blir spurt først ved behov. Når sola kjem fram, er det nemleg ekstra mange som kjem til Kulleseidkanalen og me treng då fleire servitørar på kort varsel. Då er det kjekt å vera øvst på ringelista 🙂
Tilkallingsvakter
Me vil gjerne komma i kontakt med personar som ønskjer å ta ekstravakter som servitørar og kjøkkenassistentar. Det er særleg aktuelt for personar over 20 år og 18 år, men me tek gjerne i mot ein søknad frå deg som er under 18 år også.
Me har eit planleggingsverktøy for arbeidet der det blir lagt ut ledige vakter når me får inn bestillingar på selskap og arrangement, så det er mogleg å få jobba ganske mykje, særleg på ettermiddagstid, kveld/natt og helg. Dei som er tilkallingsvakter blir også prioritert til å få sommarjobb.
Å jobba i gjestehamna
Sommarstid er det eit yrande folkeliv og stort trøkk frå morgon til kveld hos oss her i hamna. Me har ein stor fin restaurant og bar med tilhøyrande glasshus og eit stort uteområde i sjøkanten. Mange gjester kjem sjøvegen med båten og me har god plass til bubilar på land.
Me synst sjølv at me har ein vakker arbeidsstad med mange flotte gjester, hyggelege arbeidskollegaer, nytt kjøkken og eit godt og høgt tempo. Du får vera med å skapa gode matopplevingar og minne for livet, både for gjestene og for deg sjølv.
Du må vera serviceinnstilt, lika å jobba saman med andre og kunna ta vakter til ulike tider på dagen.
Kontakt oss!
Kan dette vera noko for deg, så ta kontakt på e-post: post@kulleseidkanalen.no
Me har løpande tilsetting, ikkje noko fast søknadsfrist, så ta kontakt så tidleg som mogleg!
Du kan også ringa til Margrethe (dagleg leiar) på 918 48 492.


Det vert laga heimelaga dessertar til middagane. Her lagar me Crème brûlée – me nyttar Facebooksidene våre aktivt for å visa kva kokkane diskar opp med.



Det er god plass i restauranten vår, og me følgjer alltid gjeldande smittevernreglar.



Skreddarsydde løysingar for kundar som vil arrangera selskap og andre feiringar.



I restauranten serverer me tradisjonsmat i glasbygget og i det nyrenoverte grindabygget.



Det er sjølvsagt heimelaga dessert til middagen. Her lagar me Crème brûlée – sjekk Facebooksidene våre for kva som blir servert kommande søndag.



Det er god plass i restauranten vår, og me følgjer alltid gjeldande smittevernreglar.



Me skreddarsyr løysingar for deg som vil arrangera selskap og andre feiringar.



I restauranten vår får du servert god tradisjonsmat i glasbygget og i det nyrenoverte grindabygget.
Din draumejobb?
SØK I DAG
Send din søknad på e-post til post@kulleseidkanalen.no.

