Det er fantastisk å ta ut på tur i bil og båt. Me legg på ein måte kvardagen med stress og mas bak oss. Fritidsmodus er på og då er det fint å komma til Kulleseidkanalen Gjestehamn.
Her kan barn, unge og vaksne finna nokon å vera saman med, leika eller slappa av. Me ynskjer å gi deg og dine ei god stund, anten det er ein dag eller ei heil veke.

Me tilbyr sanitæranlegg med WC/dusj, vaskemaskin og tørketrommel. Det er også tømmestasjon for kassett-toalett, fylling av ferskvatn, bosstømming m.m.

I vår restaurant får du servert god tradisjons­mat og lette måltid. Maten kan du nyte anten på kaien og eller i vårt nyrenoverte grindabygg.

Me har trådlaust internett for våre gjestar.

Ny dag!

Ferske rundstykker

og avis til frukost? Me kjem gjerne rundt til våre gjestar om føremiddagen!

BOOKING

Booking av plass for bubil og camping gjer du på nettsida vår.

Ingen booking for båtplass, men sjekk gjerne ut webkameraet vårt for å sjå om det er ledig.

Prisar båt

Båt under 40 fot: 250,-
Båt 40 – 50 fot: 300,-
Båt 50 fot eller større: 350,-

Hamneleige og campingavgift inkluderer bruk av trådlaust nett og tilgang til servicebygg.