Kast loss, sett kurs og la ankeret gå! Kulleseidkanalen gjestehamn inviterer til Ankerfest 2023!

Det blir ein folkefest, med svært ettertrakta artistar, liv i hamn og på camping, open restaurant og eit yrande folkeliv.

Høgdepunkta denne helga vert utekonsertane med Vidar Villa (fredag 23. juni) og Staut (laurdag 24. juni).

Me får også god stemning utanom konsertane, då DJ Hassan frå Stockholm og DJ Karl frå Bergen (fredag) og Pallebandet med Tom Wagtskjold (laurdag) held den gode stemninga ved like til langt ut i dei seine – og lyse – nattetimar!

Kjøp festivalpass, så er du sikra billettar til heile folkefesten!

Ankerfest 2023

Opnings­tider

Fredag 23. juni
13:00 – 18:00 Restaurant med Ankerfestmeny
18:00 – 01:00 Uteservering – innslepp konsert (krev billett (18 år))
19:00 Utekonsert: oppstart DJ.
Ca. 21:00 Vidar Villa kjem på scenen
Etterpå: DJ
01:00 Slutt

Laurdag 24. juni
13:00 – 18:00 Restaurant med Ankerfestmeny
18:00 – 01:00 Uteservering – innslepp konsert (krev billett (18 år))
21:00 Utekonsert med Staut
Etterpå: Pallebandet og Tom Wagtskjold. 
01:00 Slutt

Søndag 25. juni
13:00 – 19:00 Søndagsbuffé
(matservering til 18:00)

Vidar Villa – fredag 23. juni 2023

Vidar Villa er ein av dei største norskspråklege artistane, med snart 100 millioner streams på Spotify og utselde konsertar over heile landet dei siste åra.

Sjekk for eksempel ut superhiten ‘One Night Stand‘ som låg i toppen av VG-lista og Spotify. Han har fått fleire gull- og platinatrofé, og har også vore med i Farmen Kjendis.

Vidar og resten av bandet fokuserer på humoristiske tekstar og fengande popsongar med kassegitar og akustisk perkusjon i sentrum.

Program for kvelden

18:00 Innslepp
19:00 Oppstart DJ
ca. 21:00 Konsertstart Vidar Villa
etter konsert: DJ
01:00 Arrangementsslutt

Transport / parkering
Frå Svortland: Rutebuss kl. 16:50 eller 18:25 frå Svortland
Frå Langevåg: Rutebuss 17:50 frå Langevåg

Taxi 07000 Bømlo stiller med alle sine drosjar ved konsertslutt.

Ev. parkering skal skje på «Løkko». Følg parkeringsvaktene sine anvisningar. 

 

Staut – laurdag 24. juni 2023

Staut har både gullplater og førsteplass på albumlista å vise til, samt ei fleire år lang turnéliste med eit antal konsertar få andre band i Norge kan matcha. Kritikarane trillar femmarar og kalla det siste albumet «Makalaust» for «Feiande flott folkrock».

Med kombinasjonen av fengjande melodiar, sterke og gode tekstar, dyktige musikarar og eit voldsomt driv og energi på scenen kan me venta oss ei fantastisk oppleving denne sommarkvelden i Kulleseidkanalen.

Me satsar på at den populære songen «Sjå sole» vil passa godt denne sommardagen i Kulleseidkanalen!

Program for kvelden

18:00 Innslepp
21:00 Konsertstart Staut
etterpå: Konsertstart Pallebandet med Tom Wagtskjold
01:00 Arrangementsslutt

Transport / parkering
Taxi 07000 Bømlo stiller med alle sine drosjar ved konsertslutt.

Ev. parkering skal skje på «Løkko», følg parkeringsvaktene sine anvisningar. 

 

Over­natting båt

Gjestehamna er open og du er velkommen med båt! Under Ankerfesten vert det ikkje mogleg å betala for enkeltnetter – Båtplass sikrar du deg når du bestiller billett.

Alle passasjerar må løysa hamnepass. Dette kan du ordna ved billettbestilling, eller når du kjem til kai.

Over­natting camping

Velkommen i campingbil og -vogn! Du registrerer og betalar når du bestiller billett. Reservasjon ut over Ankerfesten gjer du på vanleg vis på nettsida vår.

Konsertane har 18 års aldersgrense.

Frå kl 18:00 er restaurant og konsertområde ikkje tilgjengeleg for umyndige.

Personar under 25 år må uoppfordra visa legitimasjon.

Overnatting i båt eller camping er berre tilgjengeleg ved førehandsbooking.

Vel du festivalpass får du opp moglegheit til å booka plass i hamna eller på campingen.