Hausten 2022

Stor inne- og uterestaurant heilt i sjøkanten, gjestehamn, bubilparkering, levande musikk, badestrand, leikeplass, pop-up-aktivitetar, mm…

Opningstider August

Veke 31: 1. – 7. august
Sommarrestaurant onsdag – søndag

Veke 32: 8. – 14. august
Måndag – torsdag: Lukka arrangement

Fredag 12. august: Pizza- og salatbuffé 18:00 – 21:00 
Sommarkonsert med Steffen Jakobsen kl 21:00

Laurdag 13. august: Pizza- og salatbuffé 18:00 – 21:00
Pubkveld med Kjell Vidar Monsvik kl 21:00

Veke 33: 15. – 21. august
Ferieavvikling / lukka arrangement

Veke 34: 22. – 28. august
Ferieavvikling / lukka arrangement

Veke 34: 29. aug – 4. september
Kanaldagane 2022

 

Restaurant

Kvar søndag (NB! Ikkje to siste søndagane i august!) har me søndagsbuffé, der du kan forsyna deg med fisk, kjøt, pasta og eit godt utval i dessertar.

Pris
Vaksne kr 295,-
Barn 4-12 år kr 160,-
Barn under 4 år gratis

Camping – bubilparkering

Me har ca. 40 oppstillingsplassar for bubilar, der sju av dei er heilt i sjøkanten. Foreløpig er det ingen reservasjon av plass. 

Det er også mogeleg å stilla opp campingvogn, og då vil me anbefala plassane på oppsida av gjestehamna. Her er god plass til å parkera bilen . 

Prisar:
Bubil / vogn: 300,-
Telthengar: 250,-
Telt: 200,-

Gjestehamn

Det er plass til ca. 40 båtar i gjestehamna. 

Prisar (inkl. straum, WiFi og tilgang til servicebygg):
Under 40 fot: 250,-
40 – 50 fot: 300,-
Over 50 fot: 350,-

Lurer du på om det er ledig plass, sjekk vårt webkamera:

Eigen bakar

Me har eigen bakar og tilbyr kaker og muffins som er bakt på huset. Vårt utval:

  • Sjokoladekake (glutenfri)
  • Snopekake (glutenfri)
  • Gulrotmuffins
  • Sjokolademuffins
  • Peanøtt/karamellmuffins
  • Eplemuffins

Konsertar og pubkveldar

Me ønskjer velkommen til konsertar, pubkveldar og ulike kulturopplevingar . Sjå vår oppdaterte arrangementskalender og kjøp billett her på nettsida for å vera garantert plass. 

Servicebygg

Me har heilt nytt sanitæranlegg med WC/dusj, vaskemaskin og tørketrommel. Det er også tømmestasjon for kassett-toalett, fylling av ferskvatn, bosstømming m.m.

Gratis WiFI-dekning (dekker ikkje alle plassar – blir utvida kapasitet i løpet av 2022). 

 

Bar

Vår bar og restaurant har alle rettigheitar. 

Utleige og kurs/konferanse

Me har fleire møtelokale og ta gjerne kontakt med oss på e-post om du ønskjer å leiga lokale til di feiring eller det gjeld kurs/konferanse.

Velkommen til Kulleseidkanalen Gjestehamn!

Vakn opp i ei lun hamn omgitt av vakker natur, berre få minutt frå storhavet. Sett kursen mot 59°44’32.1″N og 5°14’06.9″E og du kan legga til kai på ein av våre 40 båtplassar. Eller komma med bubil og kopla deg til, kopla av og nyta dagen. Me er her for deg og dine, slapp av og fyll på med gode opplevingar.
Rundt oss ligg ein fantastisk skjergard og ei mengd fine turmål som du kan nå med båt, bil, kajakk, til fots, på sykkel eller med snorkel og froskemannsdrakt!
– Flotte høve til bading, vassport, dykking, fiske eller berre ligga og nyta dagen med måseskrik og sjøskvalp på alle kantar.

Feiring

MED GOD MAT

er suksessen sikra, uansett anledning!

Les meir om kva me kan tilby deg!

BÅT

Sol, sommar og bølgeskvulp. Båtferie er fantastisk! – Og skulle det blåsa opp og regna litt, då er ei trygg, lun hamn og god inneplass godt å ha.

BUBIL

So godt å bu i sitt eige når ein er på tur rundtom. Ved idylliske Kulleseidkanalen er det sjøutsikt og tilgong til det som trengs, ikkje minst eit godt måltid i restauranten!

Finn litt meir ut om oss og kva me har å tilby, skal ikkje sjå vekk at me har noko spennande for deg og dine!

Nyt dagen!

RUNDSTYKKER OG KAFFI

gir ein god start i båt og bubil.
Finn ut meir!